Får vi lov å ha kurs om tema X?

Dersom de trur at innhaldet kan vere relevant for ein kordirigent, kan det også vere eit aktuelt tema for eit kurs. Er det eit tema de sjølv opplever at er langt ut på kanten, kan det vere lurt å skrive litt meir om korleis de har tenkt, og om de eventuelt har tenkt på alternativ.

Kan vi spørje om råd?

Det er ikkje sikkert at vi i sekretariatet har spesifikk erfaring med nett det temaet du spør om, når det kjem til kursarrangering, men vi svarer alltid etter beste evne.

Annan søknadshjelp

Dersom du leiter etter dokumentet med den meir offisielle søkjarrettleiinga, finn du det her. Merk at dokumentet ikkje er oppdatert i 2025, og dimed ikkje er heilt presist. Til dømes står Fordjupingskurs i dokumentet som ein separat kurstype, og omgrepet Regional konferanse omfattar i dokumentet både fagdagar på ein dag og helgekonferansar. 

Liste over gjennomførte kurs med støtte frå Koralliansen

NB! Noko av denne dataen er henta manuelt. Altså blir vi ikkje overraska om det er nokre småfeil. Likevel håpar vi sjølvsagt at det går å få noko ut av tabellen. 
Ungdomstiltak skal vere plukka ut av tabellen.
Vi vil sjå på om vi kan få presentert det litt meir overskodeleg på sikt. 

Spørsmål om denne sida kan rettast til daniel@ungikor.no

Oppdatert 18. februar 2025